ER DET DETTE NORSKE BARN SKAL FORSTÅ MED NORGE SOM RETTSSTAT?
Aktuell situasjon for Ilda sin familie, som etter endelig avslag på søknad om asyl i Norge måtte reise til Serbia hausten 2010:
• Familien får ikkje arbeid.
• Foreldra er psykisk sjuke og får ikkje naudsynt helsehjelp
• Oppsparde midlar tek snart slutt - kva skal dei då leve av? Kvar skal dei bu?
• Ilda sine søstrer på 17 og 19 år har frå før ikkje fullført grunnskule på grunn av at familien, innan utsendinga frå Norge, hadde vore på flukt i nesten 9 år. Av dette og manglande økonomi til privatskule, har dei ingen muligheit for utdanning/ arbeid. Begge systrene var byrja på vidaregåande skule i Norge før utsending.
• Ilda får ikkje godkjend første 3 år i norsk grunnskule (går i 4. klasse no), og må byrje på ny i 1. klasse frå hausten. Ilda har ikkje familiære ressursar for leksehjelp.
• Familien har ikkje familiært/ anna sosialt nettverk i Serbia, men valde å dra til Serbia i frykt for tryggleiken i heimlandet Kosovo.
Slik vi ser det, har ingen av argumenta som var framsette av norske asylmyndigheiter vedkomande muligheit for utdanning og naudsynt helse- og omsorgstilbod i Serbia synt seg riktig.
Barna ser inn i ei håplaus framtid - opphavleg grunna flukt frå krig og forfølging på Balkan, og velsigna av en norsk asylpraksis som berre har fokus på fare for forfylging.
Vi ynskjer svar på fylgjande:
• Kan dei ansvarlege for norsk asylpolitikk stå inne for risikoen for at ein familie kan gå til grunne, ikkje av forfylging, men av helse-, utdannings- og sosialøkonomiske årsaker?
• Er dette synet på menneskeverdet det Regjering og Storting ynskjer at framtidige generasjonar skal byggje rettsstaten på?
• Kva initiativ kan norske myndigheiter ta for å sikre framtida for denne familien og fleire med dei, som norske myndigheiter har skyve ut i mørkret?
Førde, 30.03.2011
Med helsing
Barna først; www.barna1.no
v/ Johan Bengtsson og Harald Wiken
onsdag 30. mars 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar