torsdag 20. januar 2011

Støre og barnekonvensjonen

Utrikesminister Jonas Gahr Støre uttalte i dag på NRK P2 at han ikkje ynskjer at Norge skal slutte seg til internasjonale klageordninger i forhold til FN sin barnekonvensjon. Barna Først frykter at utrikesministern, som tidlegare i mange høve har vore nærmest helgenforklart, no viser sitt rette ansikt.

Barna Først har sidan starten for eitt år siden talt barnekonvensjonen sin sak i Norge. Barna Først har etterlyst slike klageordningar, og vi har fleire saker vi ville ha klaga inn om det hadde vore mogleg. Barna Først meinar at det er eit paradoks når Norge og utrikesministerern opptrer som andre stater sin gode samvittighet i mange høver, men samtidig ikkje ynskjer rydde på eige bord.

FN sin barnekonvensjon ligger til grunn for Norsk lovgivning, likevel er regjeringa redde for å verte overprøvde - det kan Barna Først berre tolke som ein dobbelmoralsk haldning. Det verste er at regjeringa sin dobbelmoral går ut over dei svakaste i samfunnet - borna, og dei svakaste av dei - asylsøkjar borna.

Barna Først er rysta over utrikesministern sine haldninger og minner om at "det er ingen skam å snu!" Regjeringa og Gahr Støre bør ta dei svakaste sitt parti og opne opp for klageordningar i forhold til FN sin barnekonvensjon!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar