fredag 24. september 2010

No har familien Gugna reist til Serbia

I dag, 24.9 reiste familien Gugna frå Gardemoen til Beograd. Derifrå reiser dei med buss til Novi Pazar.

Barna først ynskjer å takke alle som stilte på Firda billag i går 23.9. Det blei eit trist avskjed, men samtidig ein verdig markering. Takk til alle dei som har gitt gåver til familien. Vi har fått inn nesten 8.000 kr i gåver som familien skal få som starthjelp i sitt nye heimland.

Novi Pazar er ein vakker by som ligg i Serbia nær grensa til Montenegro og familiens opprinnelege heimland Kosovo. Vi må håpe på det beste for familien som må starte heilt på ny etter å ha vore på flykt i 8-9 år.

Barna først kjem til å fortsette arbeidet for barna sitt beste. Du kan støtte oss gjennom å bli medlem i Facebooksida vår (du finn ein link lenger ned på sida)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar