ER DET DETTE NORSKE BARN SKAL FORSTÅ MED NORGE SOM RETTSSTAT?
Aktuell situasjon for Ilda sin familie, som etter endelig avslag på søknad om asyl i Norge måtte reise til Serbia hausten 2010:
• Familien får ikkje arbeid.
• Foreldra er psykisk sjuke og får ikkje naudsynt helsehjelp
• Oppsparde midlar tek snart slutt - kva skal dei då leve av? Kvar skal dei bu?
• Ilda sine søstrer på 17 og 19 år har frå før ikkje fullført grunnskule på grunn av at familien, innan utsendinga frå Norge, hadde vore på flukt i nesten 9 år. Av dette og manglande økonomi til privatskule, har dei ingen muligheit for utdanning/ arbeid. Begge systrene var byrja på vidaregåande skule i Norge før utsending.
• Ilda får ikkje godkjend første 3 år i norsk grunnskule (går i 4. klasse no), og må byrje på ny i 1. klasse frå hausten. Ilda har ikkje familiære ressursar for leksehjelp.
• Familien har ikkje familiært/ anna sosialt nettverk i Serbia, men valde å dra til Serbia i frykt for tryggleiken i heimlandet Kosovo.
Slik vi ser det, har ingen av argumenta som var framsette av norske asylmyndigheiter vedkomande muligheit for utdanning og naudsynt helse- og omsorgstilbod i Serbia synt seg riktig.
Barna ser inn i ei håplaus framtid - opphavleg grunna flukt frå krig og forfølging på Balkan, og velsigna av en norsk asylpraksis som berre har fokus på fare for forfylging.
Vi ynskjer svar på fylgjande:
• Kan dei ansvarlege for norsk asylpolitikk stå inne for risikoen for at ein familie kan gå til grunne, ikkje av forfylging, men av helse-, utdannings- og sosialøkonomiske årsaker?
• Er dette synet på menneskeverdet det Regjering og Storting ynskjer at framtidige generasjonar skal byggje rettsstaten på?
• Kva initiativ kan norske myndigheiter ta for å sikre framtida for denne familien og fleire med dei, som norske myndigheiter har skyve ut i mørkret?
Førde, 30.03.2011
Med helsing
Barna først; www.barna1.no
v/ Johan Bengtsson og Harald Wiken
onsdag 30. mars 2011
Innspel vedkomande "Melding til Stortinget om barn på flukt"
AD INVITASJON TIL TILBAKEMELDING VEDKOMANDE MELDING TIL STORTINGET OM BARN PÅ FLUKT
Barna Først er ei aksjonsgruppe for Barnekonvensjonen, etablert februar 2010. I samband med konkrete asylsaker vi har vore involverte i, har vi hatt møte både med statssekretær Lønseth, og stortingspolitikarar.
Barna Først meinar at ikkje alle asylsøkjande barn har rett til opphald i Norge. Dei barna som fyller Barnekonvensjonen sine artiklar om behov for vern, og behov for opphald på humanitært grunnlag, skal derimot få innfria søknad om asyl.
Barna Først har fylgjande innspel vedkomande Melding til Stortinget om barn på flukt:
Regjeringa sin blogg regjeringen.no/barnpaaflukt inviterer til innspel på fleire tema som Barna Først har fokus på.
Barna Først opplever at dagens sakshandsamingspraksis underminerer asylsøkjande barn sin rettstryggleik.
Det vi saknar invitasjon til å uttale oss om, er det vi, i møten med stortingspolitikarar og statsekretær Lønseth, har peika på som fundamentale føresetnader for reelt å kunne ivareta asylsøkjande barn sin rettstryggleik i samsvar med Barnekonvensjonen. Vi vil som innspel til Melding til Stortinget om barn på flukt, be om at desse føresetnadene vert implementerte i meldinga:
1. Barnekonvensjonen sine artiklar vedkomande barn sin rett til å bli høyrd og humanitært grunnlag for opphald, skal være overordna anna norsk lovgjeving. I dag ser vi at anna norsk lovgjeving er overordna. Vi ser óg ei neglisjering av nemnde artiklar i Barnekonvensjonen.
2. Sakshandsamarane i UDI og UNE, som arbeidar med saker der born er innblanda, må ha formell barnefagleg kompetanse! Dette inneber kompetanse innan utviklingspsykologi og barn sine psykologiske reaksjonar på opplevingar vedkomande årsak til flukt, og det å vere på flukt.
3. Kvalifisert tolketeneste. Vi kjenner til fleire døme på manglande/ dårleg tolketeneste i UDI.
4. Barna i asylsøkjande familiar bør ha rett til å bli intervjua også i UNE, og under rammene av dei 3 føregåande punkta.
5. Sakshandsamingstid for barn sin søknad om asyl bør ikkje overskride 6 månadar.
6. Barneombodet bør få fullmakt til å uttale seg i einskildsaker vedkomande asylsøkjande barn.
Førde, 30.03.2011
Med helsing Barna Først
v/ Johan Bengtsson og Harald Wiken.

torsdag 20. januar 2011
Støre og barnekonvensjonen
Utrikesminister Jonas Gahr Støre uttalte i dag på NRK P2 at han ikkje ynskjer at Norge skal slutte seg til internasjonale klageordninger i forhold til FN sin barnekonvensjon. Barna Først frykter at utrikesministern, som tidlegare i mange høve har vore nærmest helgenforklart, no viser sitt rette ansikt.
Barna Først har sidan starten for eitt år siden talt barnekonvensjonen sin sak i Norge. Barna Først har etterlyst slike klageordningar, og vi har fleire saker vi ville ha klaga inn om det hadde vore mogleg. Barna Først meinar at det er eit paradoks når Norge og utrikesministerern opptrer som andre stater sin gode samvittighet i mange høver, men samtidig ikkje ynskjer rydde på eige bord.
FN sin barnekonvensjon ligger til grunn for Norsk lovgivning, likevel er regjeringa redde for å verte overprøvde - det kan Barna Først berre tolke som ein dobbelmoralsk haldning. Det verste er at regjeringa sin dobbelmoral går ut over dei svakaste i samfunnet - borna, og dei svakaste av dei - asylsøkjar borna.
Barna Først er rysta over utrikesministern sine haldninger og minner om at "det er ingen skam å snu!" Regjeringa og Gahr Støre bør ta dei svakaste sitt parti og opne opp for klageordningar i forhold til FN sin barnekonvensjon!

lørdag 27. november 2010
Jawana har fått busetnad i Førde!
Formannskapet i Førde vedtok 25.11 at Jawana skal få busetnad i Førde. Vedtaket var eit viktig beskjed for Jawana, hennar verge og familien ho har budd hjå siden i vår. Barna Først vil med dette gratulere Jawana! Flott at administrasjonen og politikarane i Førde har tatt eit så positivt og viktigt vedtak! Takk til advokat Henrik Birkeland på Blikra, Slotterøy og Fonn AS som har ført saka for Jawana!
fredag 1. oktober 2010
Korrespondanse mellom Barna først og Barneombodet
Turi Bruland i Barna først har teke til orde for at Barneombodet må kome på bana og uttale seg i asylsaker der Norge bryt FN's barnekonvensjon i samband med vedtak om heimsending. (Ho har også kravd at Barneombodet må få meir makt.) Utfordringa har ho mellom anna formidla i brevs form til Barneombodet, og fekk dette svaret 29. september 2010:
Turi Bruland har sendt følgjande svar på dette, med kopi til m.a. Statsministeren og stortingspolitikarar:
Barneombudet, barnekonvensjonen, Europarådet
Takk for din henvendelse.
Vi forstår deg slik at du lurer på om Barneombudet kan hjelpe Ilda Gugna med å fremme sin sak for Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) og om vi har noen erfaring med slike saker. Barneombudet har ikke mandat til å fremme saker for EMD, heller ikke på prinsipielt grunnlag. Ombudet har derfor heller ingen erfaring med, eller oversikt over, denne typen saker og hva som kan gjøre at en sak for EMD kan føre fram.
Videre er det generelt slik at Barneombudet ikke har mandat og anledning til å overprøve vedtak fattet i enkeltsaker. Barneombudet er en uavhengig institusjon med mandat å overvåke barnas situasjon i Norge. Vi har ikke myndighet til å avgjøre saker eller omgjøre forvaltningsvedtak.
Barneombudet får mange henvendelser fra familier som ikke får opphold i Norge og familier som utvises fra landet. Vi går i liten grad inn i enkeltsaker, men jobber med problemstillinger knyttet til disse temaene på det generelle plan for at barns rettigheter bedre skal ivaretas. For å kunne påvirke myndighetene til å endre sin praksis og regelverk, er det nyttig for oss å få vite om hvordan enkeltpersoner opplever systemet og hvilke utslag regelverket får for enkeltindivider. Dere er derfor hjertelig velkommen til å sende mer informasjon om saken.
Vi har imidlertid liten mulighet til å engasjere oss i denne konkrete saken spesielt.
Med vennlig hilsen
Knut Haanes, nestleder
Anders Cameron, rådgiver
Turi Bruland har sendt følgjande svar på dette, med kopi til m.a. Statsministeren og stortingspolitikarar:
Barneombodet si rolle og Europarådet sin menneskerettsdomstol
Takk for svar og avklaring av spørsmål.
Eg stiller meg spørjande til at barneombodet ikkje kan uttale seg om EMD si rolle i slike saker, så lenge ombodet er sett til å overvake Barnekonvensjonens bruksområde som rettskjelde. Vil ikkje då EMD vere ein naturleg samarbeidspart i saker der ein ser at myndigheitene bryt barnerettane. Eg kan forstå at ombodet ikkje kan gå inn i eller føre enkeltsaker, nasjonalt eller overfor EMD, men eg forventar i alle fall at Barneombodet klart kan avklare rolla si i høve til EMD, og gje informasjon om denne domstolen si rolle i høve Barnekonvensjonen og brot på den. Dette ville kunne vere til god rettleiing hjelp for oss som faktisk går inn i enkeltsaker, og meinar å kunne påvise brot på Barnekonvensjonen.
Viser til utklipp frå Regjeringa sitt dokument"Satsing på barn og unge 2010".
Innhaldet i dette dokumentet står i sterk kontrast til det vi no opplever som resultat av norsk asylpolitikk overfor barn i ein svært vanskeleg livssituasjon.
Det er kome sterke reaksjonar i Vadsø i etterkant av tvangsutsendinga der, og situasjonen som oppsto på bussstasjonen i Førde når Ilda og familien skulle reise, vitna om at det som skjer får konsekvensar, ikkje berre for dei som reiser, men og for dei som står spørjande att, eg tenkjer då spesielt på barn og unge som har engasjert seg.
Eg oppmodar no Barneombodet til å kome meir på ut på bana på eige initiativ, og ta stilling til det som skjer. Det står i dette dokumentet at vi skal lære barna våre respekt for menneskerettane. Korleis skal vi då svare barna som spør kvifor Ilda på 9 , som har vore på flukt i 9år, ikje får lov å bli verande her som ho endeleg har funne tryggleik og ro. Desse barna er godt orientert på skulen om barnekonvensjonen. Dei veit og godt at vi har eit Barneombod.
Norge er verdens rikaste land. Kanskje er vi vorte økonomisk hjernevaksa og verdimessig avflata, og let økonomiske omsyn faktisk vege tyngre enn grunnleggande menneskelege omsyn. Den dagen Ilda måtte reise kjende eg meg som norsk, verdimessig svært fattig, og eg veit mange kjende på det same.
No oppmodar eg Barneombodet nok ein gong om hjelpe oss å ansvarleggjere styrande myndigheiter, -vi må få ein aktiv og politisk ansvarleggjerande debatt om Barnekonvensjonen. Vi har ikkje tid til å vente.
Vi siterer i dette frå:
www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/rapporter_planer/rapporter/2010/Regjeringens-satsing-pa-barn-og-ungdom-2009.html?id=593036
"Barneombudet vil i 2010 ha en sentral oppgave med å overvåke oppfølgingen av rapportering til FNs Barnerettskomité og å følge opp Barnekonvensjonens bruksområde som rettskilde. Barneombudet vil i 2010 fortsette sitt nære samarbeid med
de europeiske barneombudene i European Network of Ombudspeople for Children og videreføre annet internasjonalt barnerettsarbeid deriblant menneskerettighetsdialogene med Kina. Barneombudet vil fortsatt arbeide for å fremme rettighetene til samiske barn og unge og forholdene til barn og unge med minoritetsbakgrunn, herunder barnevernets
oppfølging og ansvar for mindreårige asylsøkere og deres familier. Innholdet i og organiseringen av skolen vil stå sentralt i ombudets arbeid også i 2010."
Med helsing
Turi Bruland
Barna Først
www.barna1.no
torsdag 30. september 2010
Positivt vedtak for Jawana!
Støttegruppa for Jawana vil gjere kjent at ho i dag, 30.09.2010, har fått beskjed av sin advokat Henrik Birkeland om at ho har fått oppholdsløyve i Noreg.
- Jawana ynskjer ikkje å uttale seg personleg i saka, men vi som står rundt ho veit at dette betyr enormt mykje for ho, seier Johan Bengtsson, talsmann for støttegruppa for Jawana og Barna først.
Vi i støttegruppa for Jawana/Barna først vil takke alle som har engasjert seg i saka, og alle som har støtta oss på ulike måtar, som å møte på markeringa 15.02.2010, gå i fakkeltog, vere medlem i ei av Facebook-gruppene og støtta med pengegåver.
Advokat Henrik Birkeland frå Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn AS har ført saka for Jawana. Deira innsats har vore heilt avgjerande for eit positivt vedtak, og vi vil takke dei spesielt. Det var ikkje sjølvsagt at dei skulle ta saka, og advokat Henrik Birkeland har vist eit stort personleg engasjement for sin klient.
Facebook grupper:
Help Jawana stay in Norway, 1.239 medlemmer
Barna først, 4.730 medlemmer

fredag 24. september 2010
No har familien Gugna reist til Serbia
I dag, 24.9 reiste familien Gugna frå Gardemoen til Beograd. Derifrå reiser dei med buss til Novi Pazar.
Barna først ynskjer å takke alle som stilte på Firda billag i går 23.9. Det blei eit trist avskjed, men samtidig ein verdig markering. Takk til alle dei som har gitt gåver til familien. Vi har fått inn nesten 8.000 kr i gåver som familien skal få som starthjelp i sitt nye heimland.
Novi Pazar er ein vakker by som ligg i Serbia nær grensa til Montenegro og familiens opprinnelege heimland Kosovo. Vi må håpe på det beste for familien som må starte heilt på ny etter å ha vore på flykt i 8-9 år.
Barna først kjem til å fortsette arbeidet for barna sitt beste. Du kan støtte oss gjennom å bli medlem i Facebooksida vår (du finn ein link lenger ned på sida)

Abonner på:
Innlegg (Atom)